Historien om et skirenn på liv og død ned Stordalen:
Ei times gong austafor Stjern-gardane i Aafjord ligg ei sæter som heter Hongdalen. Der levde det i gamle dager ein mann som heitte Hauk. Hauk arbeidde i sju julenetter på eit par ski og dei arbeidde han ferdig medan dei ("emnet") sto på rota og kalla dei "kvikk-ski". Dei rann like godt oppover som nedover bakke. Etter at skia var arbeidd ferdig sjuande julenatta, tok Hauk dei på for å renne til høgmesse i Aafjord-kyrkja juledag. På vegen rente han gjennom Stjern-skaret der "Skarkusen" budde. Hauk ropa på trollet og ba om ein juledram. Ut kom "Skarkusen" med ei brennevinsflake og eit stort sølvstaup som han han skjenkte fullt og gav Hauk. Hauk tok imot, men i staden for å drikke, slo han drykken over hovudet og bak seg. Noko kom på skia hans Hauk, og bakendane spratt av. Og før trollet riktig sansa seg, rente hauk avstad med staupet. Trollet ropa etter han og bad han vente til det fekk på seg "trillbuksa" si, men Hauk rente for livet nedover dalen. "Skarkusen" kom etter i vill fart med "trillbuksa" på og hala innpå Hauk. Da dei for forbi Forfot gol ein hane. Trollet sa: "No gol den svarte bring, det gjer meg ingen ting". I rasande fart for dei to vidare. Da dei for forbi Moan gol den andre hanen. Men "Skarkusen"sa:" No gol den kvite bring, det gjer meg heller ingen ting". Trollet va no tett innpå Hauk, men sola steig etter kvart, faretruande for trollet. Det prøvde å kaste nøkkelhanka si etter Hauk for å drepa han, men trefte ikkje. No kom dei i vill fart til Staven. Sola kom over fjellet i aust, og den tredje hanen gol. Da ropte trollet: "No gol den raue, det blir min daue". Dermed sprakk det med ein forferdelig smell. Trykket var så kraftig at det sprengtes eit stort, djupt hol i jorda der trollet sprakk. Dette finn ein igjen på Staven den dag i dag. Hauk rente vidare nedover Stordalsvatnet. Da han kom til "Litlengodden" fann han att nøkkelhanka som "Skarkusen" kasta. Med sølvstaupet i handa kom Hauk fram til kyrkja. Staupet gav han til alterkalk i kyrkja, og det var i bruk heilt til kyrkja brann i 1770.
En takk til Jan P Stjern som bidro med denne historia om Skarkusen og Hauk Hongdalen